HS_bygg_logo_liggande.jpg
 

HS Bygg er ein av dei leiande byggentreprenørane på nordvestlandet.

Vi utfører alle typar byggeoppdrag for private og offentlege byggherrar. Selskapet har om lag 50 eigne tilsette. Våre medarbeidarar er ei fin blanding av dyktige fagarbeidarar, kompetente sivil ingeniørar, ingeniørar og teknikarar.

_DSF9699_Nettbruk.jpg

Målsetjing

Dyktige medarbeidarar, rett utstyr, god planlegging og gjennomføring skal gjere HS Bygg til den mest effektive entreprenørverksemda i regionen. Vi vil utvikle HS Bygg til å bli den leiande entreprenøren i prosjektutvikling og gjennomføring av total- og hovedentrepriser innan bustadmarknad, næringsliv og offentlege bygg i vår region.

Kundar og samarbeidspartar

HS Bygg skal vere ein kompetent og kreativ medspelar for våre kundar og samarbeidspartar. Vi tek ansvar og gjer vårt beste for å levere som avtalt. Ærlegheit og redelegheit mot alle vi forheld oss til er viktige grunnverdiar.

HMS

HS Bygg har som mål å unngå ulykker både for eigne tilsette, og for våre underentreprenørar. Bedrifta arbeider aktivt med Helse, Miljø og Sikkerheit for å nå målet, og for å fremje god helse og trivsel på arbeidsplassen.

Miljø

HS Bygg er sertifisert Miljøfyrtårn. Les vår Miljøpolicy her.

Har du miljøinnspel til HS Bygg, kontakt oss gjerne her.

Klima og miljørapport finner du her.

Miljfyrtarn-norsk-farger.png